«

»

Sputnik – Fuck Deg (Trond Giske)

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Giske skal visstnok ha sagt at dette er ei lyrisk meisterverk. Kanskje å taka litt hardt i. Men dette er same kva ganske festleg trass i at det er åtak på den den beste kulturministeren Noreg har hatt.

Eg har ei løynd fortid som Sputnik-hugmann. Då eg var fem-seks år, hadde eg ein Sputnik-kassett. Er du for ung eller for gløymsk til å vita kva ein kassett er, seier du? Kassett var ein måte å lagra mellom anna musikk på før CD-plata tok over. Du kan lesa meir om det på t.d. WikiPedia. Hugsar du ikkje kva CD var heller? Du har berre høyrt om MP3, seier du? Du er utan von og eg kan ikkje hjelpa deg då. Hmm, kor var eg? Sputnik, ja. Eg hadde altså ein Sputnik-kassett, og eg var frykteleg glad i han. Skilles Johanne, Stakkars store sterke karer, Jenka og mange andre songar. Eg digga den musikken! Det var difor svært artig å sjå Sputnik i rampeljoset att; skjønt eg ser jo aldri Rikets Røst…

2 innspel

  1. Odin / Velmont

    Haha. Genialt. Eg høyrde òg på Sputnik. Kven var ikkje Sputnik-tilhengjar då dei var små? :]

    Eg hev aldri sett denne musikkvideoen+musikken som han brukar. Såg han no på jutube, Scielle eller kva det var. Hehe. 🙂

  2. Simon

    Sputnik var heilt rå! Men eg har aldri møtt nokon andre som tykte det.

    Eg er heller ikkje så kjend med den opphavlege songen. Har høyrt honom som bakgrunnsmusikk på Platekompaniet eit par gongar, og sett ti–femten sekund på fjernsynet i forbifarta. Det kan henda eg tek heilt feil, men eg tykkjer (det litle eg har høyrt av) songen er svært godt skrive. Det er (slik eg oppfattar det) ein ironisk popsong, som nyttar norsk for å understreka eit poeng om kor teit det er å synga på engelsk i Noreg. Når ho syng «ååååå, nei», så høyrast dette unekteleg dumt ut. Men det er ikkje ein einaste norsk popartist som tykkjer det er dumt å synga «oooh, no» i engelsk språkdrakt. Ja, sjølv tittelen er med på å syna fram dette. Anten er den songen genial ironisk, eller så har eg bomma brutalt på poenget. Og det hender støtt med meg i analysesituasjonar. Er eg ikkje heldig som studerer eit fag der analyse er det viktigaste me gjer?

Gje innspel