«

»

IMDb topp 250

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Hjå IMDb, den største filmdatabasen på veven, kan du leggja til karakterar til filmane du ser. Dei aller beste filmane fører IMDb i ei liste, Topp 250-lista. Systemet er ikkje perfekt, ofte hamnar blockbuster-filmar til topps allereie før den ålmenne lanseringa! Dette kjem av ein del useriøse brukarar (les: fjortisar) som gjev karakter 10 på filmar dei trur er gode, som til dømes Ratatouille eller The Bourne Ultimatum (dei har òg ei botn 100-liste, og ho er endå verre. Folk gjev karakter 1 på filmar dei ikkje ein gang har høyrt om berre av di dei les at t.d. Paris Hilton er med). Eg plar å seia at om du glyttar vekk frå filmar som er opptil 5 år eller har vore omlansert på kino eller video den seinaste tida, så er lista ganske god.

Viss du glyttar litt ekstra nøye neste gong du vitjar IMDb, så merker du kanskje at det finst filmar med høgare karakter enn dei som finst på lista, men som lell ikkje er teke med. I skrivande stund hev Mannen som elsket Yngve karakter 8,2, som er det same karakter som Die Hard har, og han er på plass 131. Så kvifor er McClane på lista, og ikkje Yngve? Dei følgjer ein formel for dette (som du finn att på botn av listesida): Karakter (WR) = (v ÷ (v+m)) × R + (m ÷ (v+m)) × C, der R er gjennomsnittskarakteren for filmen, v er tal på røyster, m er minstetal på røyster (nett no er dette 1 300) og C er middelverdien av alle røystene (nett no er dette 6,7) . For Yngve og McClane tyder dette:
WRYngve = (209 ÷ (209+1 300)) × 8,2 + (1 300 ÷ (209+1 300)) × 6,7 = 6,9
WRMcClane = (120 395 ÷ (120 395+1 300)) × 8,2 + (1 300 ÷ (120 395+1 300)) × 6,7 = 8,2
Som de ser, kjem Yngve dårlegare ut her. Til og med viss han hadde hatt heile 10 i karakter, så ville han telja berre 7,2 etter denne formelen. Det må mange røystarar til for å hamna på lista. Jens Morten fortel:

Karakteren er eit vekta gjennomsnitt av gjennomsnittleg karakter gjeve og ein på førehand sett tal (snitt av alle filmar på lista). […] Valet av m=1300 vil jo heilt klart favorisere filmar med mange røyster. Og statistisk er jo eit gjennomsnitt av 2000 observasjonar verd meir enn eit gjennomsnitt av 200 observasjonar. Det er mogleg at 1300 er valt utifrå ein føresetnad eller erfaring med variansen i slike data, slik at ein klarare vil skilje 7.2 frå 7.3.

Det er mange som set seg til mål å sjå flest mogleg Topp 250-filmar, men IMDb byr ikkje på nokon god måte å hugsa om du har sett filmane på. Det gjer derimot TwoFifty.org, som henter lista til IMDb og let deg kryssa av dei du ser i eit særs brukarvenleg grensesnitt. Her er Twofifty-lista mi: Sjå nedafor

Men før nokon kjem med utsegn som «Kvifor har du ikkje sett X? X er jo dritbra!»: Eg veit at du heilt sikkert har ein eller annan favoritt som eg ikkje har sett, og på same viset har eg heilt sikkert ein favoritt som du ikkje har sett. Eg har ikkje som målsetjing å sjå alt på denne lista. Ho er litt populistisk og useriøs, og dessutan liker eg å oppdaga filmar på eiga hand. Som eg skreiv på eit forum:

Er det ikkje meir spennande å utforska sjølv? Eg har oppdaga fleire filmperler ved å saumfara billigbingen på Rema 1000 enn frå «God film»-trådar på ymse vevforum. Røynslene mine seier at det mest er dei same filmane som vert nemnt om att og om att på veven. Eg sier ikkje at dei ikkje er verdt ein titt, men at dette ikkje er vegen å gå viss du ynskjer å utvikla din eigen filmsmak. Viss du vågar å utforska på eiga hand, så vil gleda over dei gode men gøymde filmane verta så mykje, mykje større enn om nokon hadde diktert for deg på førehand at dei filmane var gode. Nokre bomskot vil du nok gjera, men desse bidreg berre til at gleda over dei gode filmane vert endå større.

Dessutan hev eg ikkje tid til å setja meg ned for å sjå 250 filmar berre for å ha sett dei.

Lista er framstilla med eit modifisert skript frå Twofifty, men det er IMDb.com som har opphavsretten til Topp 250.

2 innspel

  1. Simon

    TwoFifty har vore vekke frå veven i over eit halvår no, så det kjem truleg ikkje att. Det finst eit par alternativ der ute på veven. Eit er IMDb Power Search (Vel «Include: IMDb’s Top 250» og «Exclude: Titles you have seen») Dette krev at du er registrert på IMDb, at du gjev karakterar til filmane og at du klikker deg inn på søkjemotoren og skriv inn alt på nytt kvar gong. Dette er ganske ulagleg i lengda. Og dessutan vert lista sortert alfabetisk, og plasseringa på lista forsvinn.

    Så har du alltids Ringelrangel.com. Diverre på bokmål og med anglisismar i fleng. Diverre med gratisreklame til Facebook. Diverre med mykje anna svada. Eit pluss er at du kan sortera etter både namn og nummer, men då får han to minus for at du ikkje kan sortera på sett/usett.

    Ringelrangel har truleg henta inspirasjon frå ListOfBest.com, men dei har eg ingen røynsle med.

  2. Simon

    Ein ny potensiell arvtakar av TwoFifty: http://www.250films.net/
    Dette er nesten likt den gamle. Ingenting ekstra, berre 250-lista.

Gje innspel