Ei gåte

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Ei lita gåte: kor mange Elkjøp-tilsette må til for å byta ei ljospære? Eg gjeve meg ut på utrygg grunn no når eg ein gong for alle skal finna ut svaret på denne gåta.

Blitslampa på digitalkameraet mitt vart gåen etter berre eit par veker i bruk, så eg leverte kameraet inn. Sidan då har eg ikkje sett det. Eg trudde jo at det var ei bagatellvoren sak å byta lampa, og før i tida kunne dette heilt sikkert ha vore gjort rett over disken medan eg venta. Sånn er det altså ikkje. No skal kameraet sendast inn til feilsøking, så til loggføring av feilen, så til ein verkstad for feilretting, og så attende til feilsøking for å sjå om verkstaden for feilretting faktisk gjorde jobben sin. Alt dette for ei ljospære…

Svaret på gåta: alt for mange, og det er ikkje ein gong artig!

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/04/ei-gate/

5 comments

Skip to comment form

  1. Effektivisering og outsourcing.

    Lengje leve!

  2. Folk kann ingenting no til dags. Hau.

    • Simon on 17. april 2008 at 7:55
      Author

    Jau. Eg veit ikkje kva som er mest irriterande: at det tek så lang tid, eller at ingen kan gjeva meg eit godt svar på når eg får det attende. Ein person sa: «tre til fem verkedagar», ein annan «opptil to veker», og i går var det ein som påstod at det nok kom til å taka «minst fire veker». Og hjå den store «Elkjøp Status Checker» (grøss, for ein tittel) står det at ingenting er gjort sidan den dagen eg sendte kameraet inn!

    • Simon on 21. april 2008 at 14:02
      Author

    Huhui, etter e-post + telefon + personleg oppmøte på Elkjøp, fekk eg i dag vita at dei hadde sendt det inn til leverandøren. To timar etterpå fekk eg SMS om at det var ferdig. Så dei kan om dei berre vil.

    • Simon on 23. april 2008 at 15:47
      Author

    Grrr. Gleda vart kortvarig. Kameraet fungerer. USB-kabelen fungerer. PC-en min fungerer. Men dei fungerer ikkje saman. Eg får berre opp melding om at «USB device not recognized». Eg hev oppdatert alle drivarar og hev prøvd fleire ulike kablar. Eg hev òg prøvd på Windows XP, Vista og Ubuntu. Eg hev til og med prøvd på Windows ME, som ein datasal på Dragvoll køyrer(!), men det fungerer berre ikkje. Så no må eg levera kameraet inn att. Med tanke på kor lang tid det tok no, ottast eg for å gjera det. Det er jo i fyrste halvdel av mai at det er løye å ha eit kamera. Vårblomer som sprett opp, kjerringane i gata leiter fram dei rare hattene sine att, og det bognar av bunadshøvelege dagar.

Comments have been disabled.