W

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Oliver Stone har vore mykje i media den siste tida på grunn av den kommande filmen W. Eg tykte det høvde med dette sitatet:

– The Oliver Stone-George Bush connection? Oliver Stone?
– Oh yeah, he’s they’re spokesman. Yeah, you think if anyone had the information he’s got and had a national podium to shout it from, you think they’d actually let him do it? No, it’s quite clear that he’s the disinformation for him. The fact that he’s still alive says it all. He should be dead but he’s not.
Frå filmen Conspiracy Theory

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/04/w/

5 comments

Skip to comment form

    • Synnøve on 18. april 2008 at 21:17
    • Reply

    Dette har ikkje noko med Oliver Stone aa gjera, men eg tykkjer du skal oppdatera filmomtalane dine. Eg er spent paa aa höyra kva du tykte om Wuthering Heights, til dömes.

    • Ola on 18. april 2008 at 22:27
    • Reply

    Eg og.

  1. Uff, ja, desse filmomtalane mine… Eg kvier meg for å legga ut. Har over 250 kladdar no, den eine verre enn den andre, og den eldste er datert så lang attende som februar 2004. Det vert så mykje arbeid.

    • Synnøve on 19. april 2008 at 23:31
    • Reply

    Men du treng jo ikkje leggja ut alle?

    Eg ser at du har sett den amerikanske versjonen av Funny Games… Kva tykte du? Eg har ikkje sett originalen, so eg kan ikkje samanlikna dei, men eg tykte han var dritskummel, særleg sidan eg såg han på kino.

  2. Joda, han var god, men det er ei scene-for-scene-vinkel-for-vinkel-klipp-for-klipp-nyinnspeling, og kjenst difor ganske uturvande. Eg forstår føremålet (Funny Games var kritikk mot amerikanske valdsfilmar – men særs få amerikanarar såg han av di han var med tysk tale (amerikanarane nektar å lesa tekstar). Nyinnspelinga skal syta for at fleire amerikanarar får oppleva filmen og at bodskapen når dei òg), men tykkjer lell at me hadde klart oss utan.

Legg att eit svar

Your email address will not be published.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.