«

»

Vitskapsdikting på fjernsynet

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Det siste året har eg nytta mykje meir tid til fjernsynsseriar enn eg har gjort tidlegare, og har dimed oppdaga mykje artig og mykje godt. Det kommer knappast som en stor överraskning att jag gillar science fiction. Sjølvsagt finst det mykje dritt innan denne sjangeren. Mange trur dessutan at vitskapsdikting berre handlar om romskip og laserpistolar. Slik er det ikkje. Vitskapsdikting er eit ypparleg vis å halda opp eit spegel til oss sjølve og ytra samfunnskritikk utan å måtte sensurera det. Du treng ikkje vera politisk korrekt (eller disneyaktig som det òg kallast) av di du gjev rollefigurane romskip og laserpistolar og seier at dei ikkje er oss, sjølv om dei faktisk er det. Det kan sjølvsagt verta for mykje av det gode, og då er serien slitsam i lengda. Sjølvsagt er det plenty med seriar som er rein underhalding utan å vera samfunnskritiske. Så lengje seriane er godt skrive, har gode rollefigurar og ein stødig regi, så gjer det ikkje noko om dei «berre» er underhaldande. Eg har laga ei liste over mine favorittseriar innan sjangeren vitskapsdikting.

Dei som ikkje nådde heilt opp

Fyrst tek eg dei seriane som av ymse grunnar ikkje når heilt opp.

Lois and Clark: The New Adventures of Superman

Eg hugsar fyrste gong denne serien gjekk i fjernsynet. Då skunda me oss heim frå skulen for å rekkja dagens episode, og me tykte det var spennande. Men eg veit ikkje kor mykje vitskapsdikting dette er, og det er dessutan alt for lengje sidan eg såg han. Det er mogleg at eg ikkje ville tykkja like godt om han no.

Lois Lane og Clark Kent
Lois & Clark: The New Adventures of Superman

Batman

Holy nostalgia, Batman! Dette er pur underhaldning, med synlege ljodeffektar, ingen SM-kostyme, men med den tøffaste lynvingebilen gjennom tidene. Men det finst strengt teke betre seriar…

Batman

Den dynamiske duoen tek opp jakta etter Gåta
Batman: Hi Diddle Riddle

Star Wars: The Clone Wars

Clone Wars, den nye serien, byrjar å fungera for meg. Eg var sjølvsagt skeptisk etter den forferdelege Tartakovsky-serien som gjekk på Cartoon Network for eit par år sidan. Den nye fekk ein pangstart med ein kinofilm i fjor haust, og sidan då har det vore mange eventyr. Du kan faktisk sjå dei på NRK3 med ordentleg tale, og det tykkjer eg er sprekt gjort av NRK! Det er derimot i HD-format at serien verkeleg kjem til sin rett, og når du fyrst vert vant med at figurane liknar meir på Thunderbirds (eller Team America, for dei som er for ung/for lite nerd) enn på sine spelefilmutgåver, så er serien ganske så spennande. Du må sjølvsagt hugsa at målgruppa til serien er yngre enn til spelefilmane, og du lyt difor leggja forventingane dine om ein ny Star Wars ute i gangen før du kjem inn. Serien når ikkje topplista mi. Ikkje enno. Eg såg nett sesongavslutninga, og undrar om han overlever ein sesong til utan å verta for gjentakande.

Anakin og Ashoka
Star Wars: The Clone Wars

Buck Rogers in the 25th Century

Biddy-biddy-biddy! Etter suksessen med Star Wars vart ein gammal teikneseriehelt gjenoppliva. Denne helten heiter Buck Rogers, ein astronaut som hamnar 500 år inn i framtida til eit postapokalyptisk (men elles svært koseleg) samfunn, der den sexy Wilma Deering er millitærleiar og støtt vert åtaka av den sexy prinsesse Ardala som ynskjer å kapra verda (og/eller Buck Rogers). Skru av den kritiske sansen din og nyt den fæle syttitalsfrisyra til Buck, den tøffe røysta til roboten Twiki og den søte Erin Grey som Wilma Deering. Men gjer deg sjølv ei stor teneste: drit i sesong 2.

Ah, Erin…
Buck Rogers in the 25th Century

Mystery Science Theater 3000

Vonde vitskapsmenn kidnappar vaktmeister Joel, stengjer han inne i Satellite of Love og tvinger honom til å sjå dei verste B-filmane i historia. For å overleva denne forferdeleg artige torturen, byggjer vaktmeister Joel to robotar, Tom Servo og Crow T. Robot. Me ser filmane med dei, og lyttar til dei spydige kommentarane dei kjem med. Me får sjå herlege filmar som The Crawling Eye, First Spaceship on Venus, Robot Monster, Teenagers from Outer Space, Bride of the Monster og mykje anna snadder. I tillegg er kommentarane til vaktmeisteren og robotane proppfulle av popkulturelle referansar. Veldig artig. Men er dette ein ordentleg serie? Nja…

Er filmen «This Island Earth» tortur?
Mystery Science Theater 3000: The Movie

Star Trek: Voyager

Eg har aldri heilt skjønt kva greia med Star Trek er. Tykkjer desse seriane er litt vel ofte framme med peikefingeren. Den einaste serien eg tykte litt om var Voyager. Sjølv om denne òg er litt tante Sofie, så har han i det minste eit mål: å koma seg heim. I dei andre seriane fer dei berre kvileslaust rundt i galaksen utan mål og meining (med unnatak av Deep Space 9, der sit dei berre snurt på ein romstasjon og er rasistiske mot alle som har grå hud). Ein ting Voyager hadde, var ein mykje betre kaptein enn i dei andre seriane. Kirk likte eg ikkje, Picard var så rakrygga at han nesten tippa attover, Sisko var ein tulling og Archer var ikkje tulling nok. Men Janeway, derimot, var glimrande. Og den einaste kvinnelege kapteinen. Synd at resten av rollefigurane ombord på Voyager – med unnatak av eks-borgen Seven of Nine – var dønn keisame.

Kaptein Janeway er litt småirritert
Star Trek: Voyager: Year of Hell

Terminator: The Sara Connor Chronicles

Denne serien er ikkje ein brøkdel av dei to fyrste filmane, men overgår film nummer tre lett. Han er diverre litt treig, og rotar seg stadig vekk slik at han ikkje får utnytta potensialet sitt. Og potensiale har han, det kan til dømes episode 1 av sesong 2 vitra om. Og no mot slutten av sesong 2 byrjar det å verta spennande att. Men same om han har vore litt keisam her og der, så kjem eg stadig attende til han. Mykje av grunnen til dette er nok at eg har eit von om at han skal verta betre, men mest av di Summer Glau speler helteroboten. Ah, Summer…

Ein heilt vanleg familieferie til Mexico.
Terminator: The Sara Connor Chronicles: Mr. Ferguson is ill today

The 4400

4400 personar har vorte bortført av UFO-ar gjennom det seinaste århundret. Plutseleg ein dag står alle 4400 på ei strand nær Seattle. Og dei har alle fått overnaturlege krefter. Det starta som ein knallgod miniserie, men etter dette rota dei seg inn i noko kvasipolitisk tullball, og til slutt mista eg tråden heilt. Men fyrste sesong=knall!

Det er trongt om plassen når 4400 personar plutseleg dukkar opp på ei lita strand.
The 4400

Sanctuary

Denne serien debuterte som ti-tjue minutt lange «webisodes» på veven, og handla om den æveleg unge Dr. Helen Magnus som tek til seg ein læresvenn, Dr. Will Zimmerman, i arbeidet sitt med dei abnormale – monstre og mutantar. Så sendte fjernsynskanalen Syfy ein time (fjernsynstime = 42 minutt) lange episodar. Serien er filma med det fantastiske Red One-kameraet, og ser difor heilt utruleg ut i HD. Eg liker serien, men føler at han ikkje har nådd potensialet sitt.

Doktor Helen Magnus held seg godt, til 157-åring å vera…
Sanctuary

Farscape

Astronauten John Crichton hamnar i eit markhol og vert slengt til ein annan stad av universet. På ein stad med tusenvis av framande vesen og ein pågåande interstellarisk konflikt. Ikkje før har Crichton opna auga etter den turbulente turen gjennom markholet, er han etterlyst av ein galen og brutal leiar av ein Peacekeaper-skvadron, og må søkja tilflukt saman med ei gruppe andre etterlyste skapningar ombord på det levande romskipet Moya. Saman flyktar dei til dei uutforska områda.

Den lovlause gjengen + ein muppet
Farscape

Topp 10

Og her er lista mi:

#10: Invasion

Her er det miljøet som er den store rollefiguren. Me er i Florida, med sumpar, palmetre, heit og fuktig luft, ofte sol og ofte orkanar. Under den seinaste orkanen har noko rart kome til sumpen. Noko… utanomjordisk? Serien var kortliva. Han ender med hangande slutt (cliffhanger) etter berre ein sesong, trass i at han var ganske spennande. Eg digga rollefigurane, til og med ungane (og eg hatar som regel ungar i amerikanske seriar; dei framstår ofte som alt for smarte, veslevaksne og ufordragelege), og var spent på kva som kom til å henda vidare med dei.

Kira Underlay tek seg ein ufarleg(?) symjetur
Invasion: The Nest

#9: Flash Gordon

Dette er frå ei tid då vitskapsdikting er skjarmerande og framleis ganske nytt. Vitskapsdikting på film har enno ikkje nådd gullalderen (femtitalet), men er godt etablert både som litteratursjanger (på grunn av pionerar og flogvit som Jules Verne og H.G. Wells) og i teikneseriestriper. Og det er i teikneserien at den unge, blonde, blåaugde erkeamerikanske helten Flash Gordon oppstod fyrst. Miniseriane er basert på eventyra hans i desse teikneseriane. Og for nokre eventyr! Den vondskapsfulle keisar Ming er skikkeleg slem. Den vene Dale Arden er skikkeleg vakker. Den forførariske prinsesse Aura er skikkeleg sexy. Den tøffe Flash Gordon er ein skikkeleg helt. Og han har ei sylvfarga underbrok!

Flash Gordon og Dale Arden vitjar kong Vultan. Flash stiller her med svart kortbukse.
Flash Gordon

#8: Blindpassasjer

Noregs einaste scifi? (Viss du ser bort i frå då Titten Tei og sjonkel Rolf var i verdsrommet, då. Nokon som hugsar kva den serien heitt?) Blindpassasjer er skrive av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd, og har mykje sams med filmane Alien (1979) og The Thing (1982). Denne serien er diverre berre på tre episodar, men du har alltids høyrespela. Blindpassasjer handlar om mannskapet ombord på Marco Polo. Dei har utforska planeten Rossum, og ligg no i dvale på veg heim til jorda. Dei veit det ikkje enno, men dei har med seg ein blindpassasjer som drep ein av mannskapet! Men når dei vaknar, er alle fem framleis i live…

Mannskapet på Marco Polo anar inga fare der dei ligg i dvale.
Blindpassasjer: Stjerneskipet Marco Polo

#7: V og V: The Final Battle

Fjernsynsserien var kanskje ikkje heilt topp, men miniseriane «V» og «V: The Final Battle» er knallgode. Kva er vel betre enn råsexy, nazistiske reptilromvesen frå Sirius som talar i jambisk pentameter? Ah, Jane Badler…

Juliet Parish er tøff.
V: del 2

#6: The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy

Denne forteljinga har vore fortald som høyrespel, bok, videospel, kinofilm, handklede, fjernsynsserie og sikker mange andre medium. Eg diggar boka. Eg diggar dei fyrste høyrespela. Filmen er så som så. Serien er knallgod. Det einaste eg har å utsetja er at Trillian framstår som berre dum og deilig med ingenting mellom øyra. Elles er serien veldig løye. Tykkjer dei skulle ha laga sesong 2…

Arthur Dent er ovundra over landskapet på den segnomspunne planeten Magrathea – Marvin er miserabel av same grunn…
The Hitch Hikers Guide to the Galaxy: episode 3

#5: Taken

Ein heilt fantastisk miniserie som tek for seg fleire generasjonar av tre familiar førtitalet og fram til i dag. Livet til folka i dei tre familiane Crawford, Clarke og Keys vert alle påverka av ei hending i Roswell, og me er med dei på godt og vondt. Proppfull av gode skodespelarprestasjona, særskilt frå Heather Donahue og Matt Frewer, og med unge Dakota Fanning som forteljarrøyst. Serien har sine spesialeffektar og romvesen, men det er dei personlege drama som han verkeleg handlar om, og klarar dette godt.

UFO-ar tek attende den flygande tallerken som styrta i Roswell, New Mexico eit par tiår tidlegare.
Taken: Maintenance

#4: Firefly

Fyrst må eg seia at eg er ingen whedonist (= hugmann av Joss Whedon). Eg likte Buffy-filmen betre enn Buffy-serien, hata Alien 4 og har ikkje ein gong sett Angel. Firefly, derimot, den liker eg. Eg var så dum at eg såg Serenity fyrst, og då hata eg den. Trudde ikkje serien kunne vera noko betre. Eg tok feil. Serien er knallgod. Diverre vart serien flytta til fredagskveld, og etter ei stund sa fjernsynskanalen at dei måtte kansellera han av di ingen såg på han – velvitande om at det var tidspunktet, ikkje serien, som var grunnen til lågt sjåartal (fjernsynskanalar er litt sånn, dei flyttar ting dei ikkje liker til eit mindre attraktivt tidspunkt slik at dei kan skulda på sjåartalet). Difor er det berre ein halv sesong. Men folk likte denne halve sesongen så godt at studioet fann ut at dei kunne laga ein film av dette. Folk kallar Firefly ein «space western», av di det er ei vitskapsdikting med westernutsjånad. Og så er jo Summer Glau med. Ah, Summer…

Serenity er eit fraktskip av den gamle Firefly-klassen.
Firefly

#3: Stargate SG-1 (og delvis Stargate Atlantis)

Ein sumarfilm med Kurt Russell og James Spader i hovudrollene, og ein fantastisk Jaye Davidson som den ekstravagante skurken Ra, ein goa’uld som hadde menneskja som slave for tusnar av år sidan heilt til me gjorde opprør og kasta honom vekk. Ra regjerte to verdar, kopla saman gjennom ein stjerneport – ein teknologi som skapar eit stabilt markhol mellom seg. Fantastisk artig, trass i at det var berre ein sumarfilm (popkornfilm, blockbusterfilm, midasfilm – kall det kva du vil). Og endå meir fantastisk vart fjernsynsserien når me finn ut at Ra ikkje var den einaste stormannsgalne og teikneserieaktige goa’ulden, at det finst tusenvis av stjerneportar. James Spader var byta ut med Michael Shanks, og Kurt Russell med Richard Dean «MacGyver» Anderson. I tillegg fekk me Christopher Judge og ikkje minst Amanda Tapping med på laget. Ah, Amanda…

Carter seier fravel til eit par Tok’ra før dei reiser gjennom stjerneporten
Stargate SG-1: Serpent’s Song

#2: Futurama

Truleg er dette den mest intelligente serien gjennom tidene. Ikkje av di serien er så smart (sjølv om han er det), men av di det er fleire forfattarar med mastergradar og doktorgradar i fysikk og matematikk på staben enn det er professorar i fysikk og matematikk ved NTNU. Og dei fleste av dei er hugfolk av Star Trek/Wars/Gate, spelarar av Dungeons & Dragons, diggar robotar og zombiar, og tykkjer Linux er tøffare enn Mac. I tillegg til desse nerdane, finn du ein og anna normal forfattar frå The Simpsons. Ja, for dette er jo ein meir vaksen utgåve av The Simpsons, med litt fleire mattevitsar og robotar og sexy figurar. Serien har òg noko med dei beste røystskodespelarane i bransjen, både blant dei faste (Billy West, John Di Maggio, osb.) og blant gjesterollane (Frank Welker, osb.). Herleg serie.

Fry speler framtidspoker med Lrrr, Bender og ein Globetrotter på Mars Vegas.
Futurama: Into the Wild Green Yonder

#1: The X-files

Dette er definisjonen på nittitalet. Eg minnast det litt forgjengne slagordet på TV 2: «X-files, du tror det ikke før du får se det». Men om slagordet er litt vissent i dag, så held serien seg veldig godt. Litt av grunnen til dette er at han heile tida gjer nye sprell, og vågar å eksperimentera litt med fjernsynsformatet. Episoden «Jose Chung’s «From Outer Space’» i sesong 3 er eit utmerkt døme på dette. I tillegg er kjemien og dynamikken mellom Mulder og Scully reint deilig å sjå på. Sjølvsagt har det mykje å seia at forfattarane skriv godt, at regissørane har eit godt auge for fotografi, at effektfolka ikkje nøyer seg med pappfigurar og slim og at ljosfolka hadde ballar nok til å seia «Nei, me tykkjer faktisk det er best om denne scena er ljossett av ei einskild lommelykt», men ingenting av dette ville hatt noko å seia viss det ikkje fanst noko som helst spenning mellom Mulder og Scully. Både rollefigurane og skodespelarane som spelte dei passa perfekt saman i denne serien. Tenk kor keisamt det hadde vore viss studiosjefane fekk gjennom mandatet om at Scully skulle vera «taller, leggier, blonder and breastier». Ein annan suksessfaktor er at sjølv om dei utvikla ein mytologi frå pilotepisoden om romvesen og samansverjingar, så tok dei seg tid til både kloakkmonstre, hekseri og kannibalisme, og kunne servera oss urkomiske episodar om vampyrar og svært kjensleladde episodar om kreft. Fyrsteplassen er velfortent!

Dana Scully møter Fox Mulder for fyrste gong.
The X-Files: Pilot

Kva er dine favorittar?

6 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Synnøve

    Hurra, ny liste!

    Eg har høyrt om Stargate SG-1 og Stargate Atlantis, og lurt litt på kva skilnaden var. Er det slik at Sg-1 er filmen og Atlantis er serien? Elles har eg sett langt frå alle desse seriane, men er samd i at X-Files fortener sigeren.

  2. Simon

    Hmm, eg var kanskje litt uklår der, ja. Stargate er filmen frå 1994. Tre år etter, i 1997, starta Stargate SG-1, og tek opp tråden der filmen slapp. Det er stort sett dei same rollefigurane men ikkje dei same skodespelarane. I løpet av dei fyrste sju sesongane får me stadige referansar til «The Ancients», ein menneskerase frå veldig gammalt av som hadde mykje stilig teknologi og kunne. Dette fører til slutt til ei oppdaging som skapar den nye serien Stargate Atlantis, som går jamsides med SG-1 sesong 8 og utover. Atlantis har ingen av dei faste rollefigurane, for dei er jo opptekne i SG-1.

    SG-1 vart lagt ned som serie etter sesong 10, med dukka opp som to rett-til-video-filmar (og ein til har fått klarsignal). Atlantis fekk eit par år aleine før dei òg vart lagt ned etter sesong 5 no i vinter. Etter planen skal me få ein rett-til-video-film etter kvart, og til hausten startar ein splitter ny serie som heiter Stargate Universe. Frå det eg har høyrt, minner han veldig mykje på Lost in Space, Star Trek Voyager, Battlestar Galactica, og så bortetter. Handlinga er lagt til eit romskip som ikkje kan finna attende til jorda. Kan henda det vert spennande, kan henda det vert dårleg…

    Det finst forresten òg ein kortliva teikneserie, Stargate Infinity, men den har eg ikkje sett, og han reknast heller ikkje som kanon.

    Det finst altså:

    1. Stargate (1994)
    2. Stargate SG-1 (1997–2007)
    3. Stargate Infinity (2002–2003)
    4. Stargate Atlantis (2004–2009)
    5. Stargate: The Ark of Truth (2008)
    6. Stargate: Continuum (2008)
    7. Stargate Universe (2009–)
    8. (Stargate Atlantis-film, førebels utan tittel) (førebels utan sleppdato)
    9. (SG-1-film, førebels utan tittel) (førebels utan sleppdato)

    Nok å halda orden på, med andre ord.

    Oppdatert 9. april: fekk nett vita at rykta om SG-1-filmen er ikkje lenger rykte. Dei skal få laga han. Det ser òg ut til at det er vorte eit par utsetjingar på Atlantis-filmen, mykje på grunn av kostnadane, men dei lyt få ut fingeren snart og laga han, for dei har jo trass alt settet oppe enno og betalar leiga til studioet for det…

  3. Synnøve

    Aha, no gjev det meining. Høyrest ut som ganske kule plott, i grunnen. 🙂

    Eg tykkjer at den fyrste boka i HHGG-serien er best, mellom anna på grunn av dei fantastiske vogonarane og dikt-torturen deira. Derimot har eg aldri skjøna kvifor so mange likar Zaphod. Han er ein skikkeleg dust.

  4. Jamie

    Mine favoritt serier (ikke nødvendigvis vitenskapsdikting) og i tilfeldig rekkefølge.

    Twin Peaks
    South Park
    The Simpsons
    Batman: The Animated Series
    Seinfeld
    Entourage
    Batman (med Adam West)

    Også til slutt så har jeg et spørsmål. Hvem av skurkene liker du best fra den orginale batman serien? Selv liker jeg The Riddler best. Men det gjelder kun den serien. For i både the animated series og i spillefilmene er The Joker favoritten min. Batman(1989) er kanskje min favoritt av Batman filmene. Og Jack Nicholson spiller fantastisk! Men den beste jokeren, er uten tvil Mark Hammils versjon fra the animated series. Det er den jokeren jeg automatisk tenker på om noen nevner jokeren, og den jeg vokste opp med.

    Forresten, bloggen din er utrolig gøy å lese, den er vell skrevet og har interessante innlegg, i motsetning til visse blogger som handler om sminke og klær. Nei takk!
    Boba.no-Ja takk!

  5. Simon

    Takkar for skryt. Det er kjekt å høyra. Elles ei fin liste du har der. Glad å sjå at ikkje Prison Break, Lost eller Heroes er på den, noko mange diverre har. Så til spørsmålet: Catwoman. Både Eartha Kitt og Lee Meriwether (i filmen) si tolking er kjekk, men det er vel Julie Newmar si tolking eg hugsar best.

  6. Simon

    Har hatt eit attsyn med Lois & Clark i sumar. Meh… Fungerer ikkje like godt no som då eg gjekk på barneskulen. Det vil seia, eg likte framstillinga av Clark Kent og stordigga mora Martha Kent, men elles vart skurkane og plotta litt for dumme. Og sesong 2 var tragisk.

Gje innspel