«

»

Wells» dystre framtid

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

I romanen Tidsmaskinen skildrar Herbert George Wells ei dyster framtid. Evolusjonen har sytt for at det no finst to menneskerasar. Den eine rasen er redusert til hedonistiske, sjølvopptekne vrak som ikkje gjer anna enn å kosa seg i sola, eta god mat, bada i bekken og sova. Den andre rasen bur under jorda, og er lysvare, bleike, kannibalske beist som lever av kjøtet til dei late syskenborna sine på overflata. Kunne og vitskap finst ikkje lenger, ei heller kjærleik og medynk.

Då romanen kom, var han meint som kvass kritikk mot klasseskiljet i England. Wells meinte at eit slikt klasseskilje ikkje gagna nokon, og skreiv difor denne forteljinga om ei framtidsverd der overklassen er dumme kveg og arbeidarklassen er blodtorstuge etter århundrar med undertrykking. Framtidsvisjonen ser meir mogleg no enn nokon gong!

Teknologiframtida ser mørk ut. Der mange ser framsteg, ser andre undergang. Då tenkjer eg på kloning, kjønsskifteoperasjonar, «designer-babies», og ikkje minst æveleg liv; kort sagt kybermennesket. Når – for det er berre spørsmål om tid (ikkje moral, sidan det er totalmanko på dette i kapitalismen) – slik teknologi vert fullt utvikla og kommersialisert, er det berre overklassen som har råd til det. Eg tviler på at me nokon gong får klona oss sjølve på rekninga til staten, og det gjeng neppe an å få kjøpa eit sjølvkloningssett på Bunnpris. Kjem Noreg i år 3009 til å vera overfolka av Røkke-kloner?

We call it the miracle of life. Conception – a union of perfect opposites – essence transforming into existence – an act without which mankind would not exist and humanity cease to exist. Or is this just nostalgia now? An act of biology commandeered by modern science and technology? God-like, we extract, implant, inseminate… and we clone. But has our ingenuity rendered the miracle into a simple trick?
– Fox Mulder, The X-Files: Existence (sesong 8, episode 21)

Ny teknologi gjer det mogleg å endra på ein DNA-streng og dimed fjerna dei genetiske lyta som måtte finnast. Om du har sukkersjuke i familien, kan du syta for at ungen din ikkje får det, og er astma ein del av farsarven, kan du berre fiksa på det defekte genet. Prislappen er sjølvsagt større enn ein lærar eller eit avisbod kan bera. Men heiter du Bill Gates, kan du leva i mange mannsaldre, kanskje århundre om teknologiutviklinga får halda fram. Det finst dei innan den medisinske forskinga som seriøst meiner at me snart kan eliminera alderdom og sjukdom som dødsårsaker, og at alle (les: dei som har råd) kan få leva til all æva. Dette høyrast freistande ut, gjer det ikkje? Eller?

Dette var jo nett det H.G. Wells frykta. Om litt vil me ha to mennesketypar: dei fattige, døyelege menneska som arbeider seg i hel for å skaffa pengar, og ein forfengjeleg supermann-rase viss einaste mål i livet er å leva godt i all æve. Tradisjonelt er makthavarane dei same som dei ressurssterke, og viss desse berre ynskjer å forbetra seg sjølve i staden for verda, vil vitskapen til slutt stogga opp. Kva er vitsen med vitskap når du har nådd det endelege viskaplege målet: å verta udøyeleg? Når vitskap forsvinn, vert med tida kunne borte. Så forsvinn kjærleiken og medynken. Kanskje lyt omtala Wells som ein profet heller enn ein forfattar? Då hadde det nesten vore best om teknologien utsletta mennesket før me kom så langt. Fram med atombombene, USA. Spreng oss attende til arkeikum.

4 innspel

Gå til innspelskjema

  1. Simon

    OK, dette innlegget vart veldig negativt, sidan eg skreiv det på ein ganske dårleg dag. Det er dumt, sidan eg i grunnen har hatt ein ganske fin dag i dag, og eg vil jo helst spreia litt glede, ikkje pessimisme. Diverre hadde eg berre halvferdige kladdar i lista mi, bortsett frå denne, og eg fekk lyst å posta eit nytt innlegg no i kveld. Viss eg får tid, lyt eg kanskje følgja opp med eit innlegg om teknologioptimisme ein gong, men inntil då:

    Smil, ver glad. Verda er vakker, og du likså!

  2. Synnøve

    Eg har lyst å lesa denne boka. Jepp.

    Men Simon, kvifor nemner du kjønsskifteoperasjonar i same andedrag som kloning? Eg kan ikkje sjå at ein operasjon som hjelper folk til å få ein kropp dei kan kjenna seg heime i, skal vera verre enn t.d. hjartekirurgi (som heller ikkje er «naturleg», men som dei færraste av oss hadde takka nei til om me trengte det).

  3. Simon

    Nei, var berre som døme. Det er ikkje ein medisinsk teknologi i seg sjølv som fekk meg til å skriva innlegget, men snarare summen av alle og måten einskilde utnyttar det på. Klart det er viktig at dei med dårleg hjarte skal kunne få hjartekirurgi, det er ikkje det som er problemet. Teknologipessimisme går ut på at trass i at dei einskilde teknologiane i seg sjølve er positive, så fører dei samla på sikt til noko negativt. Til dømes eit klassedelt samfunn med dei genetisk forbetra overmenneska som herskarar over dei andre, for å låna litt frå Nietzsche.

  4. Ola

    No var det veldig kjekt å lesa alle dei nye innlegga dine på heimesida di, det er svært lenge sidan me har hatt kontakt. Eg vonar verkeleg åremålsdagen din var betre enn dette innlegget kunne indikera, og mange takk for helsinga eg fekk! Her i Nidaros er det dødstravelt, no når UKA har byrja. Heng litt etter med studiene no, men det vil vel ordna seg, vonar eg.

    Beste helsing frå Ola
    PS: Nye innlegg på mi eiga heimeside er på planleggingsstadiet, men det drygjer ser eg, med å få dei ned på tastaturet.
    PPS: Eg har sett litt på oppdatering av Smin-veven, men eg finn ikkje ut kva som må gjerast. Kan du hjelpa meg med det ein gong?

Gje innspel