«

»

I forhold til

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Du har høyrt den før, ja? Seiemåten «i forhold til». Kanskje du til og med har teke den inn i ditt daglege vokabular. Men bruker du den rett?

Eg var så sliten i forhold til oppvasken, så eg venta.

Nei, nei nei! Det du seier her, er at både du og oppvasken er sliten, men at du er meir sliten enn oppvasken. Og det er jo ein heilt tullete ting å seia! Du skjønner, «i forhold til» er ei samanlikning. A i forhold til B, der A og B er (eller har) samanliknbare storleiker.

Eg har så mykje oppvask i forhold til deg.

Du og eg samanliknar kvarandre, og storleiken me måler i er mengda oppvask. Eg har tydelegvis meir oppvask enn deg. (Heldigvis har eg oppvaskmaskin, så det går greitt…)

Sånn er det. Men kva skal du seia i staden? Språkrådet har fleire forholdsreglar. Heilt vanlege preposisjonar som i, på, for, med, mot og liknande fungerer ofte bra. Eller ei omskriving:

Eg var så sliten, så eg venta med oppvasken.

Ser du? Det vert mykje betre då!

Skal me få bort feilbruken, må me syta for at alle lærer seg rett bruk. Eller snarare, ikkje lærer seg feil bruk. Det er difor uvanen oppstår. Folk les tekstar der «i forhold til» vert brukt feil, og startar å bruka det feil sjølv. Det er ikkje berre snakk om blogginnlegg eller andre småting, men «viktigare» tekst som lesast og brukast av mange. Avisartiklar. Stortingsmeldingar. Møtereferat. Heldigvis innser fleire og fleire at «i forhold til» er unødig jåleri og ofte heilt feil, og kvitter seg med det. No skal til dømes PFU skriva om på Vær Varsom-plakaten. Hurra! Men me må ikkje vera redde for å seia i frå til det offentlege, til formidlarane, til dei som leverer tekst til folket. Eg startar med lokalavisa Rana Blad:

1 innspel

  1. Simon

Gje innspel