Filmåra 2000-2009

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Oppsummeringa av tiåret 2000–2009 held fram.

Science Fiction

Filmhistoria ville ikkje vore mykje utan science fiction – frå Le Voyage dans la Lune i 1902 og Metropolis i 1926, til Jurassic Park i 1993 og The Matrix i 1999. Det er ingen løyndom at eg liker science fiction (vitskapsdikting, fabelprosa, saifai, eller kva du måtte kalla det). 2000-talet såg mang ein superheltfilm og effektfilm, men det tok litt hjernevriding for å koma på gode scififilmar. Etter litt fundering, flauma det på med filmtitlar. The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy, S1m0ne, Surrogates, Serenity, The X Files: I Want to Believe, 28 Days Later. Mine favorittar følgjer her:

#10: The Fountain

Fortid, notid, framtid. Kjærleiken, livet, døden. Tre historier fletta saman. Dette er ikkje din typiske scifi-film, men eg vil hevda at den like fullt høyrer heime på ei slik liste. Eg liker Darren Aronofsky. Pi var kjekk, The Wrestler var ikkje ille, og Requiem for a Dream var veldig god. The Fountain er ein ambisiøs film, og for dei som vågar å ta eit steg vekk frå dei trygge romskipa og laserpistolane, vil dette vera ein scifioppleving utan like. Med vakre bilete og god musikkbruk, falt eg ganske snøgt for filmen, sjølv om eg ikkje trur den vil fengja hovudstraumen. Som eit sidepoeng til dette, kan det nemnast at eg var heilt aleine i kinosalen.

#9: It’s All About Love

Slutten av tiåret bera preg av framtidspessimisme, med uttrykk som «finanskrise», «global oppvarming» og «svineinfluensa» støtt i media. Det er jo nesten som om It’s All About Love var framsynt. I filmen omtalast både ein global pest som tek livet av folk heilt utan vidare, og miljøøydelegging som på einskilde stader spontanfrys vatn og andre stader opphever tyngdekrafta. På eit fly sit Marciello – som på grunn av ein overdose av flyskrekkvaksine ikkje kan vera på bakken – og dokumenterer det heile. Han observerer, eller vonar, at «it’s all about love», at kjærleiken vil redda verda. Nydelege Claire Danes og stillferdige Joaquin Phoenix speler hovudrollene.

#8: Minority Report

Har mennesket fri vilje, eller er lagnaden avgjort på førehand? Dette spørsmålet stiller Philip K. Dick i novella, som samstundes retter eit kritisk blikk mot autoritetar si misbruk av informasjon. Noko av dette gjekk kanskje tapt i filmomvølinga, men i staden fekk me sjå eit kjempekul (men kanskje litt upraktisk?) brukargrensesnitt til framtidas datamaskinar. Og dessutan er filmen proppfull av artige roller. Peter Stormare som bakgardskirurg, Lois Smith som litt smågalen hobbygartnar, Samantha Morton som skumle Agatha, og sjølvsagt Max von Sydow.

#7: Hollow Man

Undersjangeren «galen vitskapsmann» lever i beste velgåande, her med ein liten perversitet i tillegg til den vanlege stormannsgalenskapen og dei valdelege og destruktive tendensane. Viss H.G. Wells hadde levd i dag, trur eg at han ville godteke dette. Kor som er, Kevin Bacon speler glimrande, trass i at me i store delar av filmen faktisk ikkje ser honom. Den kvinnelege hovudrolla er det Elisabeth Shue som har.

#6: V for Vendetta

Eg var særs skeptisk til denne. Matrix-oppfølgjarane hadde vore store nedturar frå dei gåtefulle nerdebrødrane (eller, det heiter vel kanskje nerde-syskena no) Andy og Larry/Lana Wachowski. Men dei lét nokon annan stå for regien, og hadde eit solid basis i kjeldematerialet med anti-Thatcherbodskapen til Alan Moore. Ei Big Brother-forteljing med ein Phantom of the Opera-liknande protagonist. Og der maska til Hugo Weaving, som speler terroristen/fridomskjemparen, står i vegen for skodespelet (misforstå meg ikkje, Weaving gjer ei god rolle, men den stive maska er på sett og vis eit «hinder» for oss tilskodarane), speler vakre, vakre Natalie Portman nok for båe.

#5: A Scanner Darkly

Eg må innom Philip K. Dick endå ein gong. Dick er ein forfattar med mykje kjekt. Diverre er ikkje alle filmatiseringane like gode som kjeldematerialet, men ein og annan godsak finst. Dei fleste vil nok tenkja på Blade Runner, men no avgrensar me oss til 2000-talet. Sjølv om mange truleg vil peika på Minority Report då, vil påstå at A Scanner Darkly både er ei betre omvøling og ein betre film. Valet med å rotoskopa filmen gjev eit visuelt bilete som framhevar paranoiaen til dophovuda i forteljinga. Dette kunne snøgt ha vorte nok ein scifi-film med mykje action men lite substans i hendene til mindre talentfulle filmskaparar, men her har me endeleg ein Philip K. Dick-film.

#4: Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith

Eg er fullstendig klår over at denne filmen har sine manglar, men eg er Star Wars-hugmann, og då kunne eg ikkje ikkje ha ein av dei nye filmane med, vel. Clones har sine hugmann-stundar, men det er Sith som tek premien her. Då den fyrste reklamefilmen kom, den med snøgge snuttar av ein lavaplanet, med berre den vidgjetne tunge pusten til sjølvaste Darth Vader som ljod, ja, då visste eg at eg kom til å kosa meg. Og kosa meg, det gjorde eg. Den snøgge, kameratslege replikkvekslinga mellom Obi-Wan og Anakin i opningssekvensen, den svært interessante operaen Palpatine tek Anakin med på, døden til Mace Windu, atterkoma til Chewbacca, den dystre slutten, for ikkje å snakka om den absolutt fantastiske Ewan McGregor! Endeleg laga Lucas ein film for hugfolket, etter at me hadde fått to filmar som eigentleg ikkje var laga for oss.

#3: Avatar

Terminator! Aliens! The Abyss! Terminator 2! True Lies! Titanic! Og stille… Tolv år gjekk. Og plutseleg var han attende. Jim Cameron. Lastebilsjåføren som har vunne både Oscar og Amanda og ein rekkje andre prisar. Og denne gongen i 3D (viss du er så heldig å bu på ein stad med digitalkino, sjølvsagt). Avatar hadde eg venta på lengje. Skepsisen var sjølvsagt stor. Ikkje berre skulle filmen innehalda protagonistar som var fullstendig datagenererte, men han skulle òg filmast med tanke på 3D. For å ta det fyrste fyrst: Eg frykta uncanny valley, at dei blå protagonistane skulle sjå heilt daude ut i auga, slik datagenererte figurar diverre ofte gjer. Tenk berre på Tom Hanks i Polarekspressen eller Jim Carrey i A Christmas Carol – eller, grøss og gru, Jar Jar Binks i Star Wars-filmane. Dette har Cameron og gjengen faktisk klart å unngå. Det vil seia, eg kjente litt negative kjensler dei fyrste par scenene med gigantsmurfane, men etterkvart grodde dei på meg, og snart var det dei ekte menneska som såg ekle og uekte ut. Eg likte Sigourney Weaver best i avataren sin. Det andre eg var redd for, var det eg plar kalla «peik mot kameraet»-scener, som 3D-filmar er hardt råka av. Scener der karakterane heilt umotivert peiker eller kastar ting direkte mot kameraet (eit sverd i Nightmare on Elm Street 6, ein jojo i Reisen til jordens indre, eit fiskehovud i Haisommer 3). Dette ser utruleg dumt ut i vanleg 2D, og finst berre der for å utnytta 3D-effekta for 3D-effekta. Det vert like unaturleg i plottet som produktplasseringar (snikreklame), og bidrar ikkje til filmen som heilskap. Avatar hadde ingen slike scener. I staden hadde Avatar heilt utruleg vakre datagenererte miljø, og synte seg å vera ein visuelt fengjande film. Plottet er ikkje det mest oppfinnsame. Me veit heile tida kvar vegen går, men langs vegen er det veldig mykje tøft å sjå på, og det er turen verdt.

#2: District 9

Ein av dei verkeleg kjekke tinga med vitskapsdikting – og noko som ofte er oversett av folk som fnyser av sjangeren som «noko guteting om romskip» – er at det er enklare og tryggare å ha eit politisk bodskap i ein film viss du pakkar det inn i ei scifi-innpakning. Sjå til dømes på Planet of the Apes, som er sosial kritisisme på høgt nivå. Antikrigsbodskap på ei tid der dei amerikanske styresmaktene desperat prøvde å framstilla krigen i Vietnam som noko positivt. Vel, dei fekk ikkje knebla Planet of the Apes, sidan kritikken låg gøymd rett under overflata, ei overflate med tidsreiser, superintelligente aper, kreasjonisme og mykje anna som slettast ikkje hadde noko med Vietnam å gjera. Vitskapsdikting med eit bodskap. Sjølvsagt finst det filmar innan denne sjangeren som ikkje vil fortelja noko, og dei siste ti åra har det vorte fleire av desse. Eg forventa ikkje å oppleva ein ny Planet of the Apes dette tiåret, men plutseleg ut av inkje dukka District 9 opp. Kritikken denne filmen kjem med er kanskje mindre «farleg» i desse tidene, men di viktigare er det at me ikkje tek lett på det då. Her slåst det mot både rasisme, våpenindustrien, kulturimperialismen og dei rikes handsaming av dei fattige, alt fint innpakka i ein herleg scififilm av høgt kaliber. Filmskaparen Neill Blomkamp, som debuterte på langfilmscena med denne filmen, har gjort det meisterstykket å laga ein fantastisk film med godt plott og god historie, med ein kraftig sosial kritikk i botn, OG tena inn filmen seks gonger frå eit elles nedsløva publikum som til vanleg berre hyler av lukke når Michael Bay syner fram ein eksplosjon. Bravo, Blomkamp. Og dakapo!

#1: Futurama: Bender’s Big Score

Kva, hadde du forventa noko anna på fyrsteplassen? Eg diggar tidsreiser, og me kan vel trygt seia at det finst eit par av desse i denne filmen. Futurama var fjernsynsserien med avgjord høgaste samla IQ i forfattarstabben i USA. Mastergrad, doktorgrad, fysikk, matematikk, Harvard, Berkley. Og så sit dei i eit trongt rom og skriv ting som dette:
– «You know, it’s funny…»
– «What?»
– «Your wiener!»
Genialt! Fire år utan Planet Express, og så gjorde dei ein så fantastisk atterkome i denne filmen at serien er fornya! Hurra!

Ferdig no? Nei, neste side har meir!

Permanent link to this article: https://boba.no/2010/01/film2k/

5 comments

Skip to comment form

    • Ola on 5. januar 2010 at 22:44

    Eg hugsar ikkje Vømmøl-scena i Gymnaslærer Pedersen. Kva hende då? Men Folque-scena (med Reinlender) er veldig minneverdig!
    Kule lister forresten.

  1. Veldig moro! Eg må nok sjå eit par av desse du hev tilrådd som eg enno ikkje hev fengje sett, ja.

    • Simon on 22. januar 2010 at 16:15
      Author

    Takkar, båe to.

    Ola: Pedersen treff Skåtøy på marknaden. Ho har kjøpt den nye plata til Vømmøl. Dei fer heim til henne for å lytta til den.

    Odin: Ja, det lyt du! Men som alltid med listene mine, er dette sjølvsagt berre mi subjektive meining. Eg hevdar ikkje at dette er dei definitive listene, det beste av det beste, men snarare mine favorittar. Vil gjerne høyra kva du – og alle andre som les dette – tykkjer om dei, og om de har framlegg til andre titlar som de meiner passar betre.

    • Simon on 29. januar 2010 at 1:06
      Author

    Denne veka vakna me opp til at noko grueleg fælt hadde hendt. IMDb hadde endra på/fjerna PowerSearch. Dette av di den gamle varianten innehalda mykje feil, t.d. at TV-seriar ikkje vart ekskludert viss du valde dette. No skal slike feil vera ordna. Og det er jo fint. Problemet er berre at dei har fjerna ein av dei aller, aller viktigaste funksjonane i PowerSearch, nemleg høve til å søkja i Vote History. Er du som meg, med over 1300 titlar merka av hjå IMDb, er høvet til å velja å søkja blant berre titlar eg har sett eller berre titlar eg ikkje har sett uvurderleg. Dette var stort sett det einaste eg nytta PowerSearch til (t.d. finna ut kor mange filmar med Bruce Willis eg har sett. Eller, som under førebuinga til dette innlegget, kva filmar frå 2000–2009 innan t.d. sjangeren science fiction eg hadde sett). Dette er stort sett den einaste grunnen til at eg gjev karakterar til filmar på IMDb. Utan høve til å søkja i dei på dette viset, har det ingenting for seg lenger å gje karakterar og dimed merka dei som sett. Skikkeleg låkt gjort, IMDb!

    • Simon on 28. mars 2010 at 20:11
      Author

    Endeleg er det mogleg å søkja i røystene sine att. Diverre ikkje ein fullgod erstatning av den gamle PowerSearch, men godt på veg. Eg viser deg korleis i innlegget Lengje leve PowerSearch.

Comments have been disabled.