«

»

Helikopteret 2

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Endeleg! I dag fekk eg pakke i posten. Det var eit nytt radiostyrt minihelikopter, sidan det førre ikkje fungerte så veldig godt. Eit år, tok det, men no kan eg endeleg leika meg med minihelikopteret!

For dei som ikkje gidder å lesa det gamle innlegget, kjem her ei snøgg oppsummering: I april i fjor fekk eg lyst til å tinga eit helikopter frå ThinkGeek. Prisen var $29,99, og dollarkursen var på veg oppover. Eg fann til slutt eit billegare eit på DealExtreme, som eg tinga i august. Sist i september kom det, komplett med tåpeleg bruksrettleiing, men det fungerte ikkje. Eg lét heile greia liggja i vinter, men fekk nytt mot den 8. april då eg såg at ThinkGeek hadde sett ned prisen til $22,99. Billegare enn hjå DealExtreme! Skjønt med dyrare frakt, men det lyt berre vera.

Bilete frå ThinkGeek-veven

Eg har tidlegare handla hjå ThinkGeek (binærklokka mi, til dømes), men vert støtt overraska over kor snøgg ei levering dei har. Eg tinga altså helikopteret torsdag den 8. april. Allereie same kveld fekk eg melding om at pakka var postlagt, og då var det berre for meg å venta. Frå East Windsor i New Jersey til New York City i New York tok det ein dag. Eller eigentleg berre tre timar, sidan pakka drog frå East Windsor i halv ti-tida om kvelden, og kom til New York 17 minutt over midnatt amerikansk tid. Ja, høyrer de det, Posten Noreg? DHL har døgnopent! Kanskje de kunne lært eit triks eller to frå dei… Same kva, då eg kom heim frå ein kinotur på fredagskvelden, var pakka allereie landa og handsama i Leipzig, Tyskland. Faen då, Posten Noreg! Dei får dykkar til å sjå skikkeleg late ut. Eg meiner, det er ikkje uvanleg at det tek både tre og fire dagar frå pakka er registrert i Fauske til den ligg klar på butikken her på Mo. Og det er, kva, kring 15–20 mil? Så korleis kan det ha seg at det tek under ei veke frå New Jersey til Mo i Rana, 880 mil 1? Klokka halv ti i dag ringte det ein kar frå fraktselskapet og høyrte om eg var heime.

Alltid like spennande med ei uopna pakke…

… Særleg når innhaldet er så kult

Gler meg til å prøva det.

Etter å ha lada opp batteria, var det endeleg på tide å prøva. Dei fyrste par flygingane endte sjølvsagt ikkje så bra. Anten flaug eg rett opp i taket, eller så spinna eg heilt vilt kring om. Katten sprang kring om – halvt nyfiken, halvt livredd – medan eg febrilsk prøvde å få kontroll over flygemaskina mi. Det var sanneleg ikkje lett. Etter å ha tømt batteriet, får eg til å letta og landa utan nemneverdige problem, men eg får enno ikkje til dette med å snu eller køyra framover eller attover. Det kjem vel etterkvart. Men no er batteriet ferdiglada att. På tide å prøva på nytt…

  1. New Jersey – New York – Leipzig – Oslo – Trondheim – Rana []

1 innspel

  1. Simon

    Hihi. Kontrollen gjev utslag på TV-en til veslebror. Eg kan slå på fjernsynet, byta til NRK 2 eller SVT1, og slå av.

Gje innspel